Mistur Attende 1. Slaget Natti låg ljos øve Fjell og Fjord I måneskin, ei bukt praktfull og stor I åsen sat to grannar ved eit bål Og tala i kveldingi med døyvde mål Dei minnast dan tunge kveld Då gardane vart lagt øyde med spjut og eld Dei vart so døypte til Kvite-Krist Ei hending dei endå ottast so trist Ikkje skulle noko med deira ætt skje att Og grannane var klare der dei sat Mørket senka seg på dan vie himmel Og bålet deira slokna so henn Ei rørsle på Fjorden grannane skimta Det vart stille mellom dei mektige fjell Ei redsle spreidde seg då fleire fekk vita Noko var på ferde, kven var på veg Det lei mot natt og eit følgje sigla inn Eit koldt gys øve fjorden sitt sinn Ingen fleire skulle brenna deira gard So sverdi vart kveste og skulle trast gje svar I hedensk tru dei skunda seg fram I dei djupaste skogar og kvitkledde mark Med hammaren om bringa og sverd i hand Vart følgje slakta før dei kom seg i land Det vart raudt på fjorden dinna hiskne kveld Og skipi dei stod i ein lågande eld Odin synte seg bak kvitkledde fjell Og iakttok synet av siger og hell (lyrics by André Raunehaug) 2. Svartsyn Av mørket vert sola slukt, frost jagar oss frå heim Til kamp mot onde krefter, sett fri som verdas hemn Ei lagnad ventar. Alt som andar ligg og ventar stilt på den kalde lagnad Godskap går i kamp mot ondskap, alt forgår i drap Blodet sprutar, og månen slukast av hat Verda vrir seg i Frøy sin leik, sjå no kjem Hel med si rei Hel med si daudningehær Me drep våre brør, vert drepne av eigne born Utan tid til anger, feige svik vi eige blod, me skal døy Godskap går i kamp mot ondskap, alt forgår i drap Blodet sprutar, og månen slukast av hat Verda vrir seg i Frøy sin leik, ormen piskar vatnet opp Ein lagnad ventar dei som vaknar, Verda brenn igjøno Ragnarok (lyrics by Helle H. Bruland) 3. Armod Gudane sine isande vindar Pustar i glørne Svart jarn skal smiast Det stundar mot strid Gudane sitt renkespel Legg kvar ein mann sitt sinn i mørkre Sviket ligg tett oppunder huda Når kampen er mot armod og svolt Marka, gold, kald og hard Gjer menn til beist når dei no spring i hast Mot næraste grannegard vergelaus den ligg For nauda har tvunge grannen ut i viking So her kan sviket herja Skrik og otte Angest og daud Er det som har kome til garden Ei plyndring Av korn, buskap og uskuld Og ei ætteline endar I ein lòge av eld Endeleg eit langskip bryt stille hav På sin heimveg, no skal det feirast Eit tokt er kruna med siger og hell Ein krigar tenkjer I kveld vert det lått på garden Svart i augo lik ein hund frå Helheim Kjem ein granne med bod om hemn Denne natta held dauden ei veitsle For dei arme svikarar Og når dei alle har andast Ein siste gong Står grannen bøygd med vissa Om at sjela si armod aldri vert sløkt (lyrics by Ivar Bruheim) 4. Skuld Skuld, ho som ser dei falne Krinsar i kring marki - Odin lar ho kjosa val Rusta opp som ei skjoldmøy, no er deira dagar talne Dei ho vel spring i mannefall I Åsgard helsar Odin dei til sin hær i Valhall I rustning fullt bevæpna, spunne fast til sterke dyr, Rasar dødsvette gjennom slaget ville for å sjå Krigarar kjempa fryktlaust for sitt ry Og i mørkret under slagmarki spinn Skuld ei skjebnestråd Klangen i frå smedens hammer hardt mot nysmidd jarn Gjør vikingfolket kjent i frammand land Tungt bevæpna reiser dei, og fiendar dei fell I ærlig kamp sverd mot sverd, og mann mot mann Skuld, ho som ser dei falne Krinsar i kring marki - Odin lar ho kjosa val Rusta opp som ei skjoldmøy, no er deira dagar talne Dei ho vel spring i mannefall I Åsgard helsar Odin dei til sin hær i Valhall Klargjorde til krig, rasar krigarar Gjennom slaget fulgt av evig liv So endar dei på marki, med banesår og blod Deira siste tankar er om verdi dei forlot Odin lar ho kjosa val Ved Odin er ho skuld i mannefall Rusta opp som ei skjoldmøy, deira dagar er forbi I åsgard helsar Odin til sin hær i valhall (lyrics by Helle H. Bruland) 5. Mistur 6. Skoddefjellet Eit fylgje kjem til nye landet Sjuke av den nye tankepesten Med sverd i hand Hirden åt krist Dei skodar eit fjell Som kneisar i hån Mot desse små Og kringom fjellet Ei skodde av frost Men somme tykkjer ikkje om Stanken av kristenmanns blod Trolla stig ut or fjellet Og legg ei felle For krist sine menn Morgonen etter det glimar i gull Ein veg av mynt leiar til fjell Hirden vandrar fram Med rikdom i sinn Fram dei vandrar Men brått dei skjønar Av kjøt er dei komne Til stein skal dei bli 7. Attende Ei mor græt Enno ein gong skal ein son sendast i veg Til ei slagmark stenka i dårskap Enno ein gong Lyt ho sjå ryggen til ein son Som vert røva ifrå ho Med den enkle lovnaden om heider Både frå dei levande Og hjå dei Som sit i dei store hallane I æva Eit slag Konge mot konge Mann mot mann Piler riv strupar Stål splintrar bein Mange døyr i pinsle Mange etter miskunn skrik Men her er ingen å få Kvar ein herald Levande som daud Ser kvar det bér Når ein ung sverdarm Blir trøytt Ei mor står På kalde berget Og skodar ein tagal fjord Med eitt ho kjenner Ein son sitt vardøger Som fortel i ett kviskre At han aldri meir Kjem attende (lyrics by Ivar Bruheim)