Vreid I Krig 1. Jarnbyrd Jarnnetter nærmar seg Stivna står skogen og bier Over dei langsynte lier Over dei stirrande tjern Alt som kan gløda det gløder Langs einsame stiar Bær sin haust som ein byrde Av glødande jarn Bær du jarnbyrd mitt land? Over glødende esser Driv det skodde som virøyk Mens haustvinden messer Bær du jarnbyrd mitt land? Er det kongsblod som ulmar Brenn som som flammande purpur Der blodåra svulmar Jarnnetter melder seg Mørke med isgufs av døden Tunge er jarna Svarte og kalde Men gløden Bur i all brennande ånd Sjølv gløder ånda sin byrde Og sjølv må den bæra Jarnbyrden kanskje til døden Som løyser dens bånd Bær du jarnbyrd mitt land? Som ei kongsmor din like Bar dette brennande purpur For retten til riket 2. Under Isen No er me under isen No er me underlagt Den grå og skitne isen Av framand overmakt Tungt kviler den på landet Men høyr i fjellet vatnet Det sender bod med bekkane Som kviskrar nedad brekkane Snart skiner våren leande I breane No er me under isen Og den er grå og våt Det strøymer under isen Så mang ein stille gråt No er me under isen Av ufridom og tvang No er me under isen Og vinteren blir lang Men høyr det susar og straumar Av ville vårnattsdraumar Så levande og skjelvande Ein uro gjennom elvane Det susar under isen av eining tru og tross Eind dag skal alle bekkar små gå saman og bli foss Det lever under isen der tusen hjartar slår Det innestengte Noregs udrepelege vår 3. I Krig Eg er født i ein generasjon Som såg krigar og revulosjon Me såg verda på trebein og krykkar Gå mot komande verdsulykke Korleis kan det no gå fatalt Ja, så reint inn i helvete galt Me såg alle dei yttarst normale Fenomen blei splintrande gale Det var natt, det var spøkelsesnatt Svarte messer og heksesabatt Og eg steig ned i Helvetes pøl Og eg høyrde dei plaga sine brøl Arme djevlar, dei kunne nok skrike Dei heldt sjølv, pina sine flammar ved like Der stor fanden og lo kvar eg vendte meg hen Men eg såg at slett ingen verdige menn Og eg vandra i helvetes hus Som i draum eller opiumsrus Var eg samtidig eoppe og nede Eg såg alt Eg var meir enn tilstede 4. Væpna Lengsel No skal det være øve No kan de trampa godt På grava der du søve Men fred det har du fått I gravas tronge kjellar Er skamma ikkje kjent Dei tapre folkefeller Når neppe himmelen heller Med nordlands regiment No skal dei vere øve Ei grav blir trampa flat Men ingen ukjent søv der Ongen gløymt soldat Nei, han som måtte falla Har både bror og ven Skjønt stum så kan han kalla Skjønt død Gå framfor alle som enno er igjen Du falne der du søve I heimjord eller hav Din kamp er ikkje øve Ditt offer eit krav Dei leskar oss med trengsel Ein dagleg eddiksvamp Me er eit folk i fengsel Men me er væpna lengsel Me er eit folk i kamp Nei, det er ikkje over Den striden som du streid Du falne der du søv Den varer bittert ved Ja, med og utan våpen Med trassig tankes makt For bringa di står open Og farger flammekåpa Som blir om landet lagt 5. Svart Eit andlete herja Skjebneslått Med byrgt og berjet, Edelgrått Eit mange-tusenårig blikk Som gøymer alt som kom og gikk Dette er min heimkyst - Her og slik Og ingen anna lik Det lir mot natt, ei vinternatt Svart, Stjernelaus, heilt lysforlatt Dødstyst som is på ei rute Angsten og uroa gror Håpa sin levande plante bak ruta Står i ein stivna klump av jord Motgangen, mørket og kulda Drysser sin snø over sjela Drysser sin iskalde oske Lydlaust, usynleg og kvelande 6. Folkefiendar No er me folkefiendar me som nektar Å selja landet vårt for noken pris Ja no er "folkefiende" siste slagord Men dette ordet, det har dobbelt egg Me har eit drama om "ein folkefiende" Han stod åleine i si strid med mobben Men har bar sigeren heim - Rygg mot vegg! No skrik mugen: dei vil selja Noreg For usle dollars eller skitne pund! Den dømer myntsorten, men ikkje salet Men vakt deg Judar, for ditt eige spark For dette skriket om pund og dollars, Det minner oss, ja minner oss så forbanna Om tredve sølvpengar i tyske mark 7. Dei Daude Steig Av Grav Så grå var ingen vår vel før Som våren i år Det er som om sjølve ljoset blør Av hemmelege sår Sola skinner, men i vinterblåst Den kuldsker også den Ein likkvit flekk av sjelefrost Har merka land og menn Det isnar over skog og myr Grått ligg land og hav Det er som med kvar dag som gryr Dei daude steig av grav Ja, det er våren frå i fjor Som spøkar, går igjen Bleik, blodig og dødningsflor Ja, det er atter den Dei møter oss så bitter kjent Den vårens bleika drag Dei stirar på oss ufråvendt Kvar ny og bitter dag Det mørknar kveld, det grånar gry Så bleikt og utan smil Det er som kvar dag på ny Den niande april Ein vår som ingen sumar fekk Skal frelaus gå igjen Som gjenferd bakom ord og blikk Hjå alle norske menn Men denne bleike gjenferdsvår Står brennande i knopp Med arr ved arr, med sår ved sår Som dagleg spring opp Hald ut, hald ut, blir alder trøytt La bak kvart knoppet arr Vår framtid bruse sumarheit Frå hjartas offerkar Til dagen kjem, timen slår Er kvar dags doven kvil, Kvar dag du feig og motlaus går, Ein niande april 8. Fangegard Det kom som lynnedslag, gjekk som skred Den gangen det slo oss ned Det overmektige mange No går det langsamt - Atter vår Og Noreg er ein fangegard Kvar nordmann er ein fange Usynleg piggtråd tett i tett Spent ut i eit forgreina nett Om skritt, om ord, om tankar Ja, du kan sitta fast ein dag Om berre dine hjarteslag For openhjartig bankar Kvar nordmann er i fangeskap For den som har med ærestap Kjøpt friteikn frå tyrannen Er ikkje nordmann meir, Men sjølv Ein vaktar Eller vaktars trell Med trellens teikn i panna Men dei skal hugsast - Bli ein sum Som kviler i oss, tung og stum Og vel kan overmakta Få lært ein modig fot å gå, Men alder norske hjarter til å slå I denne fengselstakta 9. Millom Hav Og Fjell Noreg millom fjell og hav Slektas vogge, heim og grav Dette landet, høgt og hardt Kviskrar lågt med morsmild stemme Det er her du høyrer heime Er me ute i det fjerne Står det som ei sumarstjerne Kysten er som eit ørnereir Må me når dagen er svunne Ha det rette landet funne Må landet i vårt indre Høgt og klårt i natta tindre Det kan ingen fiende brenne Det kan ingen svikar skjenne Har du fjell i deg Så vi deg til ditt steile land